fredag 26. september 2014

Samtykkje

Demonane
hilsar eg som gamle vener
når dei kjem brasande på

Me er godt vande kvarandre
Veit kor kaffien står
Me sjår kvarandre i augo medan eg
slår opp ei seng åt dei

Det er ikkje demonane mine
eg er redd for
her i verda

Det er englane

Når dei kjem
veit eg ikkje
kvar eg skal
gjere av meg
bøyar hovudet i skam

Men når dei stryk
med fjørdunet
over aksla

kan eg ikkje anna
enn å smile.

For nåde
kan bli skjenkt
sjølv til dei av oss
som ikkje trur på verken englar
eller Himmelen,
men som like fullt
er tvungen å hilsa på demonane.