mandag 22. september 2014

Høgdar

Til sist
trudde du
at eg er
for deg

Det
var ikkje lenger underleg, berre
uavvendeleg

- Eg
har alltid motsett meg tanken
om dogmar, sjølv fridomens

Eg trur ikkje
på dei
berre på balanse
og kjærleiken.

- Eg hilsar på Justitia, aktorar,
forsvararane og
juryen
med ei klikkande tunge, eg nikkar inne i meg

for

Eg
var den
som berre ville hengje opp
gardinar
av lauspust
så me
kunne
anda igjen.

Eg ga vekk
eit bringebærdrops
utan kjensle av skuld
og fikk
ei nype tilbake
for sanndomen
er
som sanda
i eit timeglas
av vekt.