tirsdag 12. februar 2013

For alt du veit

For alt du veit er alt eg skriv sanning. For alt du veit er alt berre løgn. For alt du veit går nodene mine ti tusen mil per sekund. For alt du veit går dei ikkje i det heile. For alt du veit har eg levd tusen liv. For alt du veit har eg ikkje levd nokon. For alt du veit er eg berre eit komma. For alt eg veit er du mitt punktum. For alt du veit kan det hende eg elskar deg. For alt du veit, veit du kanskje slettes ingenting.

fredag 1. februar 2013

Ikkje tru...

Du må ikkje tru
eg ikkje tenkjar på deg.
Du må ikkje tru
du sit der
utenkt.
Du må ikkje tru
eg ikkje tenkjar på deg.
Eg tenkjar på deg.
Alltid tenkjar eg på deg.