mandag 22. september 2014

Avgrunnar

Du trodde allereie
frå byrjinga av
at eg var
mot deg

Det
var ikkje så underleg

- Eg
har alltid motsett meg tanken
om Det Endelege Gode

Eg trur ikkje
på dogmar
ikkje eingong
dei paradisiske.

- Eg ropar til Fanden og hans demonar
med ei uvirksom tunge, eg banner inne i meg

for

Eg
var den
som berre ville hengje opp
gardinar
av lauspust
foran frykta di
så du
anda igjen.

Ikkje ein gong
eit kirsebær
klarar eg gje vekk
utan kjensla av skuld
som ikkje skulle vere
mi
å bære.