mandag 22. september 2014

Fingertuppar

Du trudde eg tykkja du var feit
då eg kommenterte at du hadde
lagt på deg.

Det var berre min klønate måte å
seie "Eg ser deg," - på, "eg
erkjennar deg, du
såg annleis ut for eitt år sida, no
er du litt endra, - korleis har du det, når eg ser
deg tenkjar eg med ett på kroppen din, fordi han
er din, fordi eg i eit overraskande glimt innser at eg ville hatt han
inntil min, fordi eg jo lurar, fordi eg
no atter hugsar at eg
elskar stemmen din og så berre seier noko (kva som helst) så du må seie noko att.

Du er ikkje feit.

- Men om du hadde vore det
hadde det ikkje gjort noko.
Det er ikkje noko gale
i å vere dét.