søndag 1. desember 2013

Inga framtid

Det verste som kan skje
er at ho går
med uforretta sak.

Skal ho, skal ho ei?

Klokkane kimar.
Mannen i månen heia på ho.

Det kunne vel berre gå som det ville?
Ho ville framleis ha
båe vin
og seg sjølve.

Men kva om
han ikkje tok imot ho?

Det ville vere verst.


Ho takla mykje, hadde
vert gatelangs nokon vinternetter,
men kvifor
dei trengde

arra kverandre

Forsto ho ikkje

"Carpe Diem," sa dei.

Åpne armar.

"Carpe Noctam," tenkte ho heller.

Kva veit vel
menn med draumar.


Ho går vidare
litt tyngre
enn før