Viser innlegg med etiketten vær og vind. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vær og vind. Vis alle innlegg

lørdag 5. september 2015

Fia, med gode ynskjer

Eg veit ikkje korleis eg
skal få fortalt deg dette, Fia, og ikkje
er det sikkert det vyrdar deg i det heile
men du veit jo

-at han er din

og eg reknar med
han er din
for ein grunn eller tolv

Så skjel ikkje til meg
i uro eller arg eller forakt, Fia

- eg vil deg ikkje noko ondt

og aldri har det vore for meg
å ville freiste å skilje to

men skinne
kjem eg til å fortsette å gjere
og det tykkjer eg 
du òg
skal halde fram med.
Og meir drama
enn det
treng me vel ikkje, nokon av oss?


søndag 24. august 2014

Synar

Eg lærar å leve
med meg sjølve

Det er ikkje så ille
- no lenger

Eg hadde ein tidvis
vidunderleg kjensle av nærleik

Innslegen av tvilen

kom lukka
på vitjing

Ho var berre ein draum
- då.

Det
gjer ikkje noko

Eg kjende ho
likevel

lørdag 18. januar 2014

Berre litt tid å miste

Hjartet grip
så hardt
at ho blir
redd for å falle.

Forstår ikkje
kvifor ho
har hjartesorg no.

 Ein var jo ferdig?

Fryktar ho
kan bli sånn

Om vinden snur.

Sjølv om ho ikkje har
kyss
å gje vekk.


Sjølv om ho ikkje
lenger er heime

i han.

Gret si
siste bitre drikk.

Elskar salt.

Kanskje
det berre
er havet i augene
som har krevd inn panten.