Knuselege hjarter og milde sjelar
Ver så snill
- Ikkje straff meg
for feilgrep
eg ikkje kan gå tilbake
og gjere om inkje
for eg legg meg flat
og beklagar alle overtramp
men meir enn det
kan ikkje gjerast.
Me er berre knuselege hjartar
og milde sjelar.
Friheten, kjærligheten, porselenspråket og stjernestøvet. Alt for livet.
Viser innlegg med etiketten minnebank. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten minnebank. Vis alle innlegg
mandag 22. september 2014
Fingertuppar
Du trudde eg tykkja du var feit
då eg kommenterte at du hadde
lagt på deg.
Det var berre min klønate måte å
seie "Eg ser deg," - på, "eg
erkjennar deg, du
såg annleis ut for eitt år sida, no
er du litt endra, - korleis har du det, når eg ser
deg tenkjar eg med ett på kroppen din, fordi han
er din, fordi eg i eit overraskande glimt innser at eg ville hatt han
inntil min, fordi eg jo lurar, fordi eg
no atter hugsar at eg
elskar stemmen din og så berre seier noko (kva som helst) så du må seie noko att.
Du er ikkje feit.
- Men om du hadde vore det
hadde det ikkje gjort noko.
Det er ikkje noko gale
i å vere dét.

Etiketter:
elektrisitet,
knuter,
kommunikasjon,
minnebank,
sårbarhet
Abonner på:
Innlegg (Atom)