lørdag 21. desember 2013

Djevelen håpa kaffien var klar. Men det ville forutsetje at ho hadde stått opp, og han var blitt einig med seg sjølve at han foretrakk ho sov litt ekstra. Det var ein strek av ondskap der han ikkje forsto seg på. Han dreiv vanlegvis med dumskap eller smerte, så ka som fór i ho ville han helst ikkje vite. Det var lurt å liste seg på hovtuppane. Han hørte knirk, la frå seg avisa, her var det berre å kome seg på jobb! Ho strekk seg etter måneskinet som ei katt. Krøkar seg inn i seg sjølve. Tenkar atter ein gong på han som skapte ho drap ho krakelerte solskinet tråkka på glaset i hjartet. Undra seg over kvifor ho hadde holdt ut. Kva var vel kjærleik skapt av om det ikkje var tålmod og tårar. Ho grip etter kaffien, takknemleg for at Djevelen lagde han sort som sjela. Carpe noctam. Nattas enke. Ho kjende sulten ta tak. Vurderte å finne ham, vise han kva han hadde laga. Smitte ham med pesten som forsura alt ho tok i. Men han var ikkje verdig, og kvifor skulle ho gje vekk sin finaste gåve? Ho kler seg opp, klokka nærmar seg midnattstimen. Eit mannesinn får holde for dagen, blei dei syke var magesyra medisin. Ein ny muse, takk. Pust. Pust.