Du er treet
på høgda.
Den svale skyggen.
Solkyssa bark
med fuglekvitter i håret..
Bøyar deg
med vinden-
Knekk ikkje.
Men hviskar
Når det regnar.
Luktar or, hassel,
eik og pil.
Sørgar
når blada fell seg slik..
Bærer åra
i bringa
Lever sirklar
runddansen
og marka-
Kanskje
eg kan vere
ditt vatn?