lørdag 5. september 2015

Fia, med gode ynskjer

Eg veit ikkje korleis eg
skal få fortalt deg dette, Fia, og ikkje
er det sikkert det vyrdar deg i det heile
men du veit jo

-at han er din

og eg reknar med
han er din
for ein grunn eller tolv

Så skjel ikkje til meg
i uro eller arg eller forakt, Fia

- eg vil deg ikkje noko ondt

og aldri har det vore for meg
å ville freiste å skilje to

men skinne
kjem eg til å fortsette å gjere
og det tykkjer eg 
du òg
skal halde fram med.
Og meir drama
enn det
treng me vel ikkje, nokon av oss?