fredag 27. september 2013

"Kan du ikkje skrive om
noko anna enn kjærleik?"
sa han. "Noko lettare,
lysare?"
-
"Nei," svarte ho.
-
"Kvifor ikkje?"
-
"For kjærleik og makt
er alt.
Kjærleik er den
sterkaste makta
Og maktesløs er den som elsker
og ein gong
blei elska
-
Om anna
veit eg ingenting."