lørdag 1. november 2014

Ra og Luna

Sola skein ikkje
like godt
og månen
var for mørk, for ljos, for halv eller
for heil

for ingen av dei klarte
ta frå meg
mangelen
på deg.

No
skin dei
klarare
og vakrare

enn på lenge

like langt tilbake
som til då
me var ett. Eg veit ikkje
kor det var, det
kan ha vore
overalt.