lørdag 18. januar 2014

Berre litt tid å miste

Hjartet grip
så hardt
at ho blir
redd for å falle.

Forstår ikkje
kvifor ho
har hjartesorg no.

 Ein var jo ferdig?

Fryktar ho
kan bli sånn

Om vinden snur.

Sjølv om ho ikkje har
kyss
å gje vekk.


Sjølv om ho ikkje
lenger er heime

i han.

Gret si
siste bitre drikk.

Elskar salt.

Kanskje
det berre
er havet i augene
som har krevd inn panten.