mandag 28. oktober 2013

Sår draum utan namn, berre

Slik som berre brustne hjarter kan.
Bit som ei slange når ho er forbanna. På
verdas ulukke, på mannfolks bakferd.
Manglar evna til å gripa fordumshetar og fridom.
"MÅ ME OPPDRA DEI ALLE?" spør ho seg retorisk,
dei andre i lokalet
nikkar gjenkjennande.
Ho er rivsint, sydar kanskje óg,
men bestemte seg
idét ho såg mor si som ung
at sinne er for dei psykotiske
Dei som kjempar
mot verden seg sjølve kvarandre.


Taklar ikkje mer intethet


/ Me flyr /


Du vil ikkje sjå sannheita i ryggmargen
Ikkje lenger elskov
fra sjelehula. Og eg seier
atter ein gang
- kvifor irriterar eg vitet av dei?
Kvifor elskar dei deg berre
når du smilar?
Må eg vere
det du ser?


/ ÅH GUD EG ER UTSLITT /
.
For det er slik eg driv,
utan sertifikat, men med
penn, vingar og godkjenning
frå høgare hold
Mens eg prøvar forstå
kvifor me ikkje velger.
Kvifor dette er stien.
Kvifor me valde vekk.

Gjekk me min eller din veg,
høgt eller lågt?
Eg fattar ikkje dette, gjer det
moglegvis aldri.


Kven er me vel
om me aldri har kjent røttene
under våre bankande
knokla
hjarter.

søndag 13. oktober 2013

Ein annen sti

Trør eg alltid her
aleine?
.
Kan du
ikkje vegen
heim?
.
Ville du heller
leika på
framandes stier?
.
Eg har ondt
i føtene
men svinsar
videre.
.
Visar ingenting.
.
Smerte
.
er for dei
sterke
i sjelen.

torsdag 3. oktober 2013

8

Ein gong til?
- Ein gong til.
.
Cagnacci - Allegoria

Røttene der ute

Du er treet
på høgda
.
Den svale skyggen
.
Solkyssa bark
med fuglekvitter i håret.
.
Bøyar deg
med vinden
-
Knekk ikkje
.
Men hviskar
Når det regnar
.
Luktar or, hassel,
eik og pil.
Sørgar
når blada fell seg slik.
.
Bærer åra
i bringa
Lever sirklar
runddansen
og marka
-
Kanskje
eg kan vere
ditt vatn?

tirsdag 1. oktober 2013

Konter med en stillhet
fra sjelen
-
Prøver å gi
med samme krone
-
Vi veksler ikke i
samme valuta
Og jeg
kan ingenting om aksjer
-
Legger allikevel inn et bud
Håper jeg vinner på
sjarm og naturalia
-
Men du har vel kanskje
ny låsesmed?
-
Jeg kryper inn
under irrgangene.
Venter på
solkaffe eller
morgenregn.
-
Slik avstand
fra hud
til hjerte

?

Fungerer ikke med hint, kun
direkte avvisning aksepteres.